Volgodonsk
Volgodonsk (kyrillisk skrift Волгодо́нск) er ein by i Rostov oblast i Russland. Han ligg på vestsida av Tsimljanskreservoaret og har om lag 170 000 innbyggjarar (2007).
Volgodonsk Волгодонск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Rostov oblast | ||||
Grunnlagd | 1950 | ||||
Borgarmeister | Viktor Firsov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
182 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
170 136 934,8 /km² | ||||
Koordinatar | 47°31′0″N 42°09′0″E / 47.51667°N 42.15000°E | ||||
Høgd over havet | 50 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 347360–347399 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)86392 | ||||
Nettstad: www.volgodonskgorod.ru/ |
Byen vart grunnlagt i 1950 og voks raskt på grunn av bygginga av Volga-Don-kanalen og Tsimljanskreservoaret. Volgodonsk fekk bystatus i 1956.
Volgodonsk vart ei kort stund kjend i nyhendene i 2003 då det vart halde ein konkurranse om å drikke mest mogeleg vodka, og vinnaren, som drakk 1,5 liter vodka, døydde av alkoholforgifting. Arrangøren vart anmeldt for uaktsamt drap.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Volgodonsk» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2008.
- Fotnotar