Vollan kretsfengsel

Vollan kretsfengsel var frå 1863 til 1971 eit fengsel i Klostergata 1 i Trondheim.

Vollan kretsfengsel
Kart
Vollan kretsfengsel
63°25′20″N 10°23′48″E / 63.4222°N 10.3968°E / 63.4222; 10.3968

Søndre Trondhjems amtskommune reiste i 1863 eit krinsfengsel for amtet på eigedomen Vollan. Fengselet, ei steinbygning, nytta den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen som fengsel for så vel politiske fangar som krigsfangar.

Fengselet vart lagt ned då Tunga kretsfengsel vart opna i 1971. Året etter vart bygningane på Vollan rivne.

Kjelder endre