Voulisméni (gresk Λίμνη Βουλισμένη, Límni Voulisméni) er ein tidlegare innsjø som i dag er forbunde med havet.[1]. Han ligg i sentrum av byen Ájos NikólaosKreta[2] og er sirkelforma med ein diameter på 137 meter og eit djup 67 m.[2]. Dei lokale kallar han berre «innsjøen». Innsjøen er forbunde til havet via ein kanal som vart grave ut i 1870.

Voulisméni
innsjø
Voulisménisjøen i Ájos Nikólaos
Land  Hellas
Område Kreta
Koordinatar 35°11′26″N 25°43′03″E / 35.19056°N 25.71750°E / 35.19056; 25.71750
Byar Ájos Nikólaos
Kart
Voulisméni
35°11′26″N 25°43′02″E / 35.190555555556°N 25.717222222222°E / 35.190555555556; 25.717222222222
Wikimedia Commons: Lake Voulismeni

I følgje segna skal gudinna Athene ha bada her.[2][1] Kvart år rundt midnatt før den ortodokse påskedagen samlar mange innbyggjarar i byen seg rundt innsjøen for å feire med fyrverkeri.

Ei anna lokal urban legende fortel at innsjøen er botnlaus[3]. Basert på at innbyggjarar merka forstyrringar i overflata på vatnet under jordskjelvetSantoríni i 1956, meinte mange at det var ein geologisk samanheng mellom dei to stadane, men dette har aldri vorte stadfesta vitskapleg.

Fotnotar endre

Bakgrunn endre

Kjelde endre