For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Vrbas (fleirtyding).

Vrbas (serbisk kyrillisk Врбас) er ei av dei store elvane vest i Bosnia-Hercegovina. Ho er ei av sideelvane til Sava frå høgre. Ein av byane ho renn gjennom er Banja Luka, hovudstaden i Republika Srpska.[1][2] [3][4]

Vrbas
elv
Land  Bosnia-Hercegovina
Renn gjennom Banja Luka
Lengd 235 km
Kjelde Vranica
 •  høgd 1 780 moh.
Munning Sava
 •  høgd 93 moh.
Kart
Vrbas
45°06′28″N 17°30′49″E / 45.107777777778°N 17.513611111111°E / 45.107777777778; 17.513611111111
Kart over Vrbas
Kart over Vrbas
Kart over Vrbas
Wikimedia Commons: Vrbas River

Ho har sitt utspring i fjellet Vranica, og ei totalt lengd på 192 km. Av større byar ho renn igjennom er Uskoplje, Bugojno, Donji Vakuf, Jajce og Banja Luka. Det er òg bygd eit vasskraftverk på elva mellom Jajce og Banja Luka, som produserer opp mot 110 MW straum.

Elva gav i si tid namn til ein av provinsane i Kongedømet Jugoslavia, Vrbas Banovina.

Ein lokal turistattraksjon er elverafting.

Kjelder

endre
  1. http://www.kartabih.com/
  2. Spahić M. et al. (2000): Bosna i Hercegovina (1:250.000). Izdavačko preduzeće „Sejtarija“, Sarajevo.
  3. Mučibabić B., red. (1998). Geografski atlas Bosne i Hercegovine. Sarajevo: Geodetski zavod BiH. ISBN 9958-766-00-0. 
  4. [1]