Fuaigh Beag
(Omdirigert frå Vuia Beag)
Fuaigh Beag eller Vuia Be(a)g er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg vest for Lewis nær Great Bernera i Loch Roag. Namnet tyder «vesle Fuaigh», samanlikna med Fuaigh Mòr («store Fuaigh») som ligg i nærleiken.
Namnet «Fuaigh» kjem frå eit norrønt namn.
Innbyggjarane på Fuaigh Beag vart tvungne bort frå øya i 1827 og ho har sidan den gong stått folketom.[1]. Berggrunnen på øya består av gneis[1]
Det ligg mange skjer og holmar nær øya, som Geile Sgeir, Garbh Eilean, Eilean nam Feannag, Linngeam, Cliatasay, Gousam og Floday.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fuaigh Beag» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.