Vulkanbelte er eit større område som er vulkansk aktivt. Ein finn vulkanbelte over soner med uvanleg høge temperaturar (700-1400 °C) der magma blir laga gjennom delvis smelting av solid materiale i jordskorpa og den øvre mantelen. Områda blir vanlegvis danna langs grensene mellom jordskorpeplater på djupner på rundt 10–50 km.

Kart over det transmeksikanske vulkanbeltet i Mexico.

Nokre døme på vulkanbelte er det transmeksikanske vulkanbeltet, som strekker seg 900 km frå aust til vest over sentral-sørlege Mexico og omfatta dei fleste vulkanane i landet, og det andinske vulkanbeltet, som går gjennom store delar av vestlege Sør-Amerika.

Vulkanbelte liknar på fjellkjeder, men med fjell danna av vulkanar og ikkje folding eller forkasting når jordskorplater kolliderer.[1]

Kjelder endre

  1. Volcano World - What is a volcano belt? Arkivert 2007-05-26 ved Wayback Machine. Retrieved on 2007-07-08
  Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.