Opna hovudmenyen

Wadi Bani Khalid er ein wadi kring 203 km frå Muscat i Oman. Han er den mest kjende wadien i Sharqiyah-regionen. Elva renn konstant gjennom året. Store dammar av vatn og rullesteinar ligg spreidde i elveleia. Som eit geografisk område, dekkjr Wadi Bani Khalid store område av lågland og fjell.

Wadi Bani Khalid
wadi
Wadi Bani Khalid East RB.jpg
Wadi Bani Khalid sett ovanfrå mot aust
Land Flag of Oman.svg Oman
Koordinatar 22°36′7″N 59°4′59″E
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Wadi Bani Khalid
Wadi Bani Khalid mot nord.

Det finst fleire grotter langs wadien. Av desse finn ein Kahf Maqal, som er eit underjordisk kammer. Det finst òg fleire vasskjelder i dalen, som Ain Hamouda, Ain al Sarooj og Ain Dawwa.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Wadi Bani Khalid