Wadi Wurayah er eit område mellom byane Masafi, Khor Fakkan og Bidiyah i Dei sameinte arabiske emirata. Det har status som Ramsar-område.[1] Området dekkjer 127 km².

Wadi Wurayah nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Fujairah
Koordinatar 25°24′N 56°15′E / 25.400°N 56.250°E / 25.400; 56.250
Areal 127 km²
Grunnlagd 2009
Kart
Wadi Wurayah
25°24′N 56°15′E / 25.4°N 56.25°E / 25.4; 56.25
Wikimedia Commons: Wadi Wuray'ah

Natur endre

Wadi Wurayah er heimstad til meir enn 100 artar av pattedyr, fuglar, reptil, amfibiar, og meir enn 300 planteartar. Området er kjent for dei vakre fossane i Hajarfjella. Det er eit av få område i verda der den utryddingstruga arabiske tahren framleis går fritt. Ein trur òg det framleis kan vere arabisk leopard her, men denne arten er ikkje blitt sett sidan 1995.

Verneområde endre

Den 16. mars 2009 vart Wadi Wurayah det første verna fjellområdet i dei sameinte arabiske emirata.[2]

Kjelder endre