Khor Fakkan (eller Khawr Fakkan, arabisk خورفكان) er ein by langs kysten av Omanbukta på austkysten av Dei sameinte arabiske emirata (UAE). Byen er den nest største på austkysten etter Fujairah,[1] og ligg langs den vakre bukta Khor Fakkan. Khor Fakkan høyrer til emiratet Sharjah, men er geografisk omgjeve av emiratet Fujairah.

Khor Fakkan
خورفكان
by
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Al-Sharjah
Del av Emiratet Sharjah
Koordinatar 25°20′21″N 56°21′22″E
Folketal 33 575  (2006)
Folketettleik 1 150 / km²
Tidssone UAE standardtid (UTC+4)
Kart
Khor Fakkan
25°20′21″ N 56°21′22″ E
Wikimedia Commons: Khor Fakkan

Historie endre

Khor Fakkan har vore busett i lange tider. Ein har funne spor etter tradisjonelle barasti-hytter, kalla arish, som i Tell Abraq, datert attende til det tredje til det første tusenåret fvt.[2]

Kring 1500 skildra Duarte Barbosa staden som ein landsby «kringsett av mange hagar og gardar».[2] I 1580 noterte den ventianske gullsmeden Gasparo Balbi «Chorf» i ei liste over stader på austkysten av Dei sameinte arabiske emirata, som historikarane meiner er Khor Fakkan.[3] Portugisarane bygde eit fort ved Khor Fakkan, men låg i ruinar i 1666. Loggboka til det nederlandske fartøyet «Meerkat» nemner dette fortet og eit anna, og skildra «Gorfacan» som ein stad ved ei lita bukt med kring 200 små hus bygd av daddelgreiner nær stranda. Det vert nemnt eit trekanta, portugisisk fort på nordsida, i ruinar, og ei festning på ein ås på sørsida, som òg var i ruinar, utan garnison eller artilleri. I tillegg til daddelpalmar noterte «Meerkat» òg fikentre, melonar, vassmelonar og myrra.

Ein trur at dei låg i ruinar etter ein invasjon frå den persiske marinen i 1623, kontrollert i Oman i sjeik Muhammed Suhari.

I 1737, lenge etter portugisarane var borte frå Arabia, invaderte persarane Khor Fakkan, med kring 5 000 mann og 1 580 hestar, med hjelp av nederlendingar, då dei blanda seg inn i dei omanske borgarkrigen.[4] I 1765 høyrte Khor Fakkan til ein sjeik av Al Qasimi, herskarfamilien i Sharjah, i følgje den tyske reisande Carsten Niebuhr. Eit kart av den franske kartografen Rigobert Bonne datert til kring 1770 syner Den arabiske halvøya og Persiabukta og har med Khor Fakkan.

 
Hamna Khor Fakkan

Frå 1903 til 1952 var Khor Fakkan ein del av det delte emiratet Sharjah Kalba. Den tyske ubåten U-533 sokk kring 35 km utafor kysten her den 16. oktober 1943 under andre verdskrigen. Dykkarar fann vraket på 108 meters djupne i 2009.[5]

Den moderne containerhamna i Khor Fakkan vart opna i 1979 og er den einaste naturlege djupvasshamna i regionen, og ein av dei viktigaste containerhamnene i Emirata.[6][7]

Geografi og klima endre

Khor Fakkan ligg langs austkysten av Dei sameinte arabiske emirata, mellom Arabiahavet og Shumayliyahfjella, som stig til 1023 meter over havet ved Jebel al Hilqah. Khor Fakkan-bukta vender mot nordaust og er verna frå dei rådande vindane av containerhamna. Området er eit populært turistområda, trass i forbodet av alkoholsal, på grunn av dei mange kvite strendene og korallreva. Khor Fakkan-stranda ligg nord for sentrum av byen.

Frå november til april er Khor Fakkan solrik og varm på dagtid, med kjølige og fuktige kveldar. Temperaturen på dagtid varierer frå 18 til 30 °C. Ein kan få regn og tropiske stormar mellom januar og mars. Klimaet er varmt frå mai til september med temperaturar opp mot 40 °C i juli og august. Nettene er òg varme med temperaturer rundt 36 °C og høg luftfukt.

 
Utsyn over stranda og hamna i bakgrunnen.

Landemerke endre

 
Moské i Khor Fakkan.

Khor Fakkan har eit 4-stjerners strandhotell, Oceanic Hotel.[8] Det ligg ein marknad (souk) for fisk, frukt og grønsaker i sørenden av cornichen, nær hovudvegen.[1] Al Wurrayah-fossane er mogeleg å nå med firehjulstrekk kring 4,5 km nord for Oceanic hotel.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Carter, Terry; Dunston, Lara (2006). Dubai. Ediz. Inglese. Lonely Planet. s. 162. ISBN 978-1-74059-840-8. 
  2. 2,0 2,1 Agius, Dionisius A. (6. desember 2012). Seafaring in the Arabian Gulf and Oman: People of the Dhow. Routledge. s. 66. ISBN 978-1-136-20182-0. 
  3. Abed, Ibrahim; Hellyer, Peter (2001). Dei sameinte arabiske emirata: A New Perspective. Trident Press Ltd. s. 74. ISBN 978-1-900724-47-0. 
  4. Hawley, Donald (1. januar 1970). The Traktatstatane. Ardent Media. s. 85. ISBN 978-0-04-953005-8. 
  5. «Untergang vorm Morgenland». Spiegel Online (på tysk). 18. desember 2009. Henta 20. november 2013. 
  6. Peck, Malcolm C. (12. april 2010). The A to Z of the Gulf Arab States. Scarecrow Press. s. 166. ISBN 978-1-4617-3190-0. 
  7. Dei sameinte arabiske emirata Yearboook 2006. Trident Press Ltd. 2006. s. 217. ISBN 978-1-905486-05-2. 
  8. Dubai: The Complete Residents' Guide. Explorer Publishing & Distribution. 1. juni 2006. s. 327. ISBN 978-976-8182-76-0. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Khor Fakkan