Richard Wagner
Wilhelm Richard Wagner (22. mai 1813–13. februar 1883) var ein viktig tysk komponist, dirigent, musikkteoretikar og skribent. Han er primært kjend for sine operastykke, eller musikkdrama, som han seinare kalla dei. Verka han lagde, særleg frå den seinare perioden, blir kjenneteikna av ein kontrapunktisk struktur, rik kromatikk, fyldig harmonisk utforming og orkestrering, og ein velutvikla bruk av ledemotiv: musikalske tema som er assosiert med bestemte personar, stader eller hendingar i operaen. Det kromatiske musikalske språket Wagner brukte var eit viktig skritt på vegen mot ekstremkromatikk og atonalitet innanfor den europeiske klassiske musikken. Han bidrog også til utviklinga av musikken med sin idé om det totale kunstverket eller einingskunstverket (das Gesamtkunstwerk) som nådde høgdepunktet sitt i den monumentale tetralogi, Der Ring des Nibelungen (Nibelungenringen) frå 1876. Bruken av ledemotiv utøvde også ein viktig påverking på mykje filmmusikk på 1900-talet.
Richard Wagner | |||
Richard Wagner | |||
Fødd | 22. mai 1813 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Leipzig | ||
Død | 13. februar 1883 | ||
Dødsstad | Venezia | ||
Fødenamn | Wilhelm Richard Wagner | ||
Opphav | Kongeriket Sachsen | ||
Mor | Johanna Rosina Wagner-Geyer | ||
Far | Carl Friedrich Wagner | ||
Gift med | Cosima Wagner, Minna Wagner | ||
Born | Siegfried Wagner, Isolde Beidler | ||
Prisar | Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst |
Wagner var og er ein kontroversiell person, både for sine musikalske og dramatiske bidrag, og for sine antisemittiske og politiske overtydingar.
Han er visstnok også grunnen til at mange trur Vikingar sine hjelmar hadde kuhorn. Slike har arkeologien aldri funne, og det passar heller ikkje i strid. Det seiest at i ei av Wagner sine framføringar fekk dei som spelte vikingar horn så tilskodarane skulle kunna skilje dei stridande partane frå einannan.
Wagner var fødd i Leipzig i Sachsen i Tyskland og døydde i Venezia i Italia.