Waka-poesi
Waka er ein japansk poesi-form som vart nytta ved keisarhoffet i tida frå det 6. til det 14. hundreåret e.Kr. Saman med chōka og sedōka er waka den eldste forma for poesi i den japanske bokheimen. Waka blir òg nytta som eit synonym for diktsjangeren tanka, som er den grunnleggjande komponenten i japansk poesi.
Waka har fem linjer med i alt 31 rytmiske einingar (5-7-5-7-7). I den eldste diktsamlinga med japansk poesi, Man'yōshū (norsk Samling av ti tusen blad), skrive i 750-åra, er dei fleste dikta skrivne i den femlinja waka-forma. Denne forma kom dessutan til å dominere dei seinare antologiane som vart redigerte ved keisarhoffet.
Døme
endreEit japansk waka-dikt i norsk attdikting (or Blad frå ein austleg hage):
Akikaze ni
|
I haustvinden
|
Kjelder
endre- Inadomi, M. (1963). Innføring. I Blad frå ein austleg hage. Hundre haiku-dikt (s. 9-10). Oslo: Det Norske Samlaget.
- «Waka», Encyclopædia Britannica, 1999. Henta 15. mai 2019.Denne litteraturartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.