Walchensee er ein innsjø i Bayern sør i Tyskland, og ein av dei djupaste og største alpine innsjøane i landet. Han har eit djup på 189,5 meter og dekkjer eit areal på 16,40 km². På det lengste er innsjøen 6,9 km, medan han er 5 km brei på det breiaste. Innsjøen ligg 75 km sør for München i Dei bayerske Alpane. Heile innsjøen høyrer til kommunen Kochel, og har ei enkelt øy kalla Sassau.

Walchensee
innsjø
Land  Tyskland
Tilsig Isar-Überleitung, Obernach
Utløp Jachen
Nedslagsfelt 779,3 km²
Høgd over havet 800 moh.
Lengd 6,9 km
Breidd km
Areal 16,27 km²
Middeldjupn 81,4 m
Største djupn 189,5 m
Volum 1,324 km³
Kystlengd1 27,0 km
Koordinatar 47°35′38″N 11°20′46″E / 47.59389°N 11.34611°E / 47.59389; 11.34611
Øyar 1
Kart
Walchensee
47°35′38″N 11°20′46″E / 47.593888888889°N 11.346111111111°E / 47.593888888889; 11.346111111111
Wikimedia Commons: Walchensee
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Kjelde endre