Wald Drageseth (22. mars 19201994) var ein norsk industrimann, hotellmann og politikar frå Selje i Nordfjord.

Wald Drageseth
Fødd 22. mars 1920
Død

27. august 1994

Av utdanning hadde han metallfagskulen i Førde og handelskule på Nordfjordeid. Etter å ha vore driftsleiar på Rekord SkjortefabrikkGjøvik eit par år, flytte han i 1946 heim til Selje og starta Selje Skjortefabrikk. Han starta opp i kjellaren i barndomsheimen. I 1948 flytte fabrikken inn nybygg. I 1960 var det 90 arbeidarar ved fabrikken.

Saman med broren Asbjørn starta Wald Drageseth Selje Bruk AS i 1960. Her vart det produsert plastbåtar.

Wald Drageseth starta i 1975 Selje Hotell, i eit nybygg med 30 gjesterom.

Då broren overtok Selje Bruk i 1976, Starta Wald Selje Plastindustri, der det og vart produsert båtar.

Wald Drageseth sat i Selje kommunestyre 1953-1967. Han var formann i Nordfjord kommunikasjonsnemnd, og stod sentralt i arbeidet for ny Strynefjellsveg og for flyplassen på Sandane.

Wald Drageseth fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1984.

KjelderEndra

  • Harald Kjølås: «Eventyret i Selje» i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000