Gjøvik
Gjøvik er ein by og administrasjonssenteret i Gjøvik kommune i Oppland i Innlandet fylke. Byen har 28 494 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Gjøvik | |||
By | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Gjøvik | ||
Areal | 20,02 km² | ||
Folketal | 28 494 (2023) | ||
Folketettleik | 1 423 / km² | ||
Innbyggjarnamn | gjøvikensar/-er | ||
Preposisjon | på Gjøvik | ||
Gjøvik 60°47′45″N 10°41′30″E / 60.79575°N 10.69155556°E |
Næringsliv
endreGjøvik er forretningssentrum for Toten og store delar av Vestoppland, og har sjukehus og universitet (no NTNU, tidlegare Høgskolen i Gjøvik).
Mustad fabrikker, HOFF Norske Potetindustrier og Hunton fiber held til i Gjøvik. Viktige industrigreiner er særleg jarn- og metallindustri og trevarer. Mustad er i dag kjent som den største fiskekrokprodusenten i verda.
Den lokale avisa er Oppland Arbeiderblad og ho har hatt monopol i Gjøvik sidan Samhold/Velgeren gjekk inn i 1998. I 2002 vart Gjøviks Blad etablert som gratisavis i kommunen.
Samferdsle
endreGjøvik er knutepunkt og sentrum for samferdsle for ein innbyggjarmasse som tel nærare 100 000 menneske. Innpendlingsområdet gjeld i første rekke kommunane Søndre og Nordre Land kommune, i tillegg til Østre og Vestre Toten kommune. Gjøvik er nærmaste by og kommunikasjonssenter for folket i Hadeland (Gran, Jevnaker og Lunner) og Valdres. Fleire samferdselsårar går gjennom byen. Fylkesveg 33 bind Gjøvik med E6 ved Minnesund. Riksveg 4 går gjennom byen og møtest av E6 midt i Gjøvik kommune mellom Redalen og Biri. I sørleg retning knyter vegen Gjøvik til Raufoss (Vestre Toten) og Gran (i Hadeland). Gjøvikbanen har endestasjon midt i Gjøvik sentrum. Grunnlaget for ferjesambandet Gjøvik-Mengshol vart borte etter at Mjøsbrua vart opna.
Utdanning
endreGjøvik videregående skole vart etablert i 2005 som ei samanslutning av Tranberg vgs. (Allmenfag og musikk, dans, drama), Gjøvik vgs. (Yrkesfag) og Bondelia vgs. (Helse og sosialfag, hudpleiefag og medium og kommunikasjon). I august 2007 vart dei tre skulane samlokaliserte i eit nytt, moderne bygg like ved Gjøvik sjukehus, i kvartalet mellom Ludvig Skattumsgt., Austeens veg og Gravlundvegen.
NTNU campus Gjøvik ligg sørvest for Gjøvik sentrum og tilbyr høgre- og lægregradsstudiar innan helse og teknologi.
Sjå òg
endreKjelder
endre«Gjøvik – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Gjøvik» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2011.