Wallington Hall
Wallington Hall er eit herskapshus og parkområde som ligg rundt 12 mile (19 km) vest for Morpeth i Northumberland i England, i nærleiken av landsbyen Cambo. Det har hatt National Trust som eigar sidan 1942, etter at sir Charles Philips Trevelyan donerte heile eigeommen, inkludert gardar som tilhøyrde han, til organisasjonen. Dette var den fyrste donasjonen av dette slaget. Bygningen er verna som Grade I.[1]
Wallington Hall | |||
| |||
Arkitekt | Daniel Garrett | ||
---|---|---|---|
Wallington Hall 55°09′07″N 1°57′25″W / 55.152°N 1.957°W |
Historie
endreEigedommen tilhøyrde familien Fenwick frå 1475 til sir John Fenwick, 3. baronett hadde økonomiske vanskar og valde å selja eigedommen til familien Blackett i 1688. Han selde delar av familieeigedommen og Wallington Hall til sir William Blackett for 4000 pund og ei årleg avgift på 2000 i året. Avgifta skulle betalast ut livet hans og det til kona hans, Mary Fenwick. Blackett var nøgd med salet ettersom han oppdaga bly i grunnen, og blei rik.[2]
Den tidlegare bygningen, eit hall house, blei bygd opp att. Eit gammalt peel-tårn blei rive, men kjellarane frå tidlegmellomalderhuset står att.[3] Huset blei i stor grad gjenbygd i palladisk stil for sir Walter Blackett av arkitekten Daniel Garret. Det kom i familien Trevelyan sitt eige i 1777.
Etter at Pauline Jermyn gifta seg med naturalisten sir Walter Calverley Trevelyan, byrja dei husa litterære og vitskaplege personar ved Wallington Hall.[4] Staden blei eit kulturelt senter som mellom anna husa medlemmar av prerafaelittane.
Sir Charles Philips Trevelyan arva eigedommen frå far sin, sir George Otto Trevelyan, i 1928. Han var eit leiande medlem av regjeringar frå Liberal og Labour. Charles var gift med «Molly», lady Mary Trevelyan.[5]
Skildring
endreHuset ligg i eit åslendt parkområde på 100 acres (40 ha). Det omfattar ein skogkledd elvedal, dekorative vatn, grasplenar og ein nyleg restaurert innmura hage.
Inne er huset vakkert møblert. Andre attraksjonar er skrivebordet der Thomas Babington Macaulay, som var svoger av sir Charles Trevelyan, skreiv History of England, ei stor samling antikke dokkehus og åtte veggmåleri i den sentrale hallen som viser historia til Northumberland, måla av William Bell Scott.
National Trust eig også landeigedommane rundt huset, og selte tidlegare mat frå desse gardane i ein gardsbutikk på staden. Denne butikken blei stengd i 2012.
Kjelder
endre- ↑ Historic England. «Wallington Hall (1042869)». National Heritage List for England. Henta 9 September 2018.
- ↑ «BLACKETT, Sir William, 1st Bt. (1657-1705), of Greyfriars House, Newcastle-upon-Tyne and Wallington Hall, Northumb. | History of Parliament Online». www.historyofparliamentonline.org. Henta 6. mai 2021.
- ↑ «The Blacketts and the building of Wallington». National Trust (på engelsk). Henta 6. mai 2021.
- ↑ Bonney, Thomas George (1897). «Trevelyan, Walter Calverley». I Sidney Lee. Dictionary of National Biography 52. London: Smith, Elder & Co.
- ↑ «Trevelyan [née Bell], Mary Katharine [Molly], Lady Trevelyan (1881–1966), political hostess and voluntary worker». Oxford Dictionary of National Biography (på engelsk). doi:10.1093/ref:odnb/53939. Henta 4. mai 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Wallington Hall» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Wallington information at The National Trust
- Wallington Hall Garden - design and history Arkivert 2008-07-09 ved Wayback Machine.
- The Blacketts of North East England
- Litteratur
- Kirtley, Allan, Longbottom, Patricia, Blackett, Martin. A History of the Blacketts. (2013) The Blacketts. ISBN 978-0-9575675-0-4. Arkivert frå originalen 23. juni 2014.
- Moran, Mollie. Minding the Manor: the Memoir of a 1930s English Kitchen Maid. 2014, Lyons Press. First published in the UK in 2013 as Aprons and Silver Spoons by Penguin Books.