Walter Samuel
argentinsk fotballspelar
Walter Adrián Luján-Samuel (fødd 23. mars 1978 i Firmat i Santa Fe-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som har spela for Inter i italiensk Serie A, og for Argentina sitt landslag.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Walter Adrián Luján-Samuel | ||
Fødd | 23. mars 1978 | ||
Fødestad | Firmat | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Inter Milano | ||
Nummer | 25 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1996-97 1997-2000 2000-04 2004-05 2005- |
Newell's Old Boys Boca Juniors Roma Real Madrid Inter |
37 (0) 75 (4) 122 (9) 30 (2) 113 (9) | |
Landslag | |||
1999- | Argentina | 56 (5) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 16. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 13. juni 2010 |
Samuel har vore med på å vinna sju seriemeisterskap: Han vart seriemeister i Argentina med Boca Juniors i apertura-sesongen i 1998 og clausura-sesongen i 1999, i Italia med Roma i 2001 og med Inter i 2006, 2007, 2008, 2009 og 2010. Han var med i Argentina sin tropp til fotball-VM i 2002, der han spelte alle Argentina sine tre kampar. Han var igjen med i troppen til VM i 2010, der han spelte i to av Argentina sine fem kampar.