Wast Water eller Wastwater er ein innsjø i Lake District i England. Innsjøen er om lag 4,6 km lang og 600 meter brei, og ligg i dalen Wasdale. Han er den djupaste innsjøen i England[1] med ei djupne på 79 meter. Innsjøen er eigd av National Trust.

Wast Water
innsjø
Land  Storbritannia
Utløp Irt
Høgd over havet 61 moh.
Lengd 4,88 km
Breidd 0,794 km
Areal 2,8 km²
Største djupn 79 m
Kystlengd1 11 km
Koordinatar 54°26′30″N 3°17′30″W / 54.44167°N 3.29167°W / 54.44167; -3.29167
Kart
Wast Water
54°26′30″N 3°17′30″W / 54.441666666667°N 3.2916666666667°W / 54.441666666667; -3.2916666666667
Wikimedia Commons: Wast Water
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Wast Water sett frå toppen av Great Gable, 4,5 km mot nordaust.

Dei bratte sidene på søraustsida av innsjøen, som fører opp til toppane av Whin Rigg og Illgill Head, vert kalla Wastwater Screes eller på somme kart berre The Screes. Området øvst i Wasdale er omgjeve av nokre av dei høgaste fjella i England, som Scafell Pike, Great Gable og Lingmell.

Wast Water er kjelda til elva Irt som munnar ut i Irskesjøen nær Ravenglass. Det går ein populær sti langs innsjøen.

Vatn frå innsjøen vert pumpa til det nærliggande Sellafield-anlegget som handsamar atomavfall.[2]

Nissar på botn endre

Vatnet i innsjøen er klårt, med god sikt ned mot 50 meter. Dykkarar hadde her plassert ut hagenissar med stakittgjerde rundt. På slutten av 1990-åra oppstod det fleire dødsfall då andre dykkarar gjekk for djupt på leit etter desse nissane.[3][4]

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. september 2009, henta 30. mars 2010 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. mars 2008, henta 30. mars 2010 
  3. «Underwater gnome threat 'returns'». BBC News. 14. februar 2005. Henta 30. mars 2010. 
  4. «Bearded wonder». The Telegraph. 16. mars 2007. Henta 30. mars 2010.