Waternish
Waternish eller Bhatairnis/Vaternish er ei halvøy på øya Skye i Skottland, mellom Loch Dunvegan og Loch Snizort nordvest på øya og tradisjonelt busett og eigd av Clan MacLeod som hadde sete i Dunvegan Castle. Her ligg busetnadane Stein og Lusta i Loch Bay i søraust, Halistra, Hallin og Trumpan lenger nord og Gillen i vest. Det høgaste punktet er Ben Geary på 284 meter over havet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Waternish» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2011.