Wednesday Morning, 3 A.M.
Wednesday Morning, 3 A.M. Studioalbum av Simon & Garfunkel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. oktober 1964 | |
Innspelt | 10. til 31. mars 1964 | |
Studio | Columbia Studios, New York City | |
Sjanger | Folk[1][2] | |
Lengd | 31:38 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Tom Wilson | |
Simon & Garfunkel-kronologi | ||
---|---|---|
Wednesday Morning, 3 A.M. | Sounds of Silence (1966)
|
Wednesday Morning, 3 A.M. er debutalbumet til den amerikanske viseduoen Simon & Garfunkel, utgjeve 19. oktober 1964. Etter ein tidleg konsert under namnet «Tom and Jerry», fekk dei to kontrakt med Columbia Records seint i 1963. Plata vart produsert av Tom Wilson, medan Roy Halee var lydteknikar. Plateomslaget og etiketten hadde undertittelen exciting new sounds in the folk tradition. Plata vart spelt inn i mars 1964.
Albumet selde opphavleg dårleg og vart gjeven ut like etter The Beatles hadde slått gjennom. Paul Simon reiste då til England, medan Art Garfunkel heldt fram studiet sitt på Columbia University i New York City.[3] Dei kom saman att seint i 1965. Wednesday Morning, 3 A.M. vart gjeven ut på ny i januar 1966 då fleire radiostasjonar hadde byrja å spele ein nymiksa, elektrisk versjon av songen «The Sounds of Silence», og albumet klatra til 30. plassen på den amerikanske albumlista. Albumet er kanskje mest kjend for den akustiske versjonen av «The Sound of Silence». I 1968 vart albumet òg gjeven ut i Storbritannia i både mono og stereo.
Songen «He Was My Brother» var dedisert til Andrew Goodman, som var ein ven av duoen og ein klassekamarat av Simon på Queens College. Andrew Goodman arbeide frivillig på Freedom Summer i 1964, men vart bortført og drepen i lag med to andre.
Heile albumet kom ut i plateboksane Collected Works og The Columbia Studio Recordings (1964–1970).
Biletet på plateomslaget vart teken på undergrunnsstasjonen ved Fifth Avenue og 53rd Street i New York City.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «You Can Tell the World» | 31. mars 1964 | 2:47 | |
2. | «Last Night I Had the Strangest Dream» | Ed McCurdy | 17. mars 1964 | 2:11 |
3. | «Bleecker Street» | Paul Simon | 10. mars 1964 | 2:44 |
4. | «Sparrow» | Paul Simon | 31. mars 1964 | 2:49 |
5. | «Benedictus» |
| 31. mars 1964 | 2:38 |
6. | «The Sounds of Silence» | Paul Simon | 10. mars 1964 | 3:08 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «He Was My Brother» | Paul Kane (Paul Simon) | 17. mars 1964 | 2:48 |
2. | «Peggy-O» | Trad. arr av Paul Simon | 31. mars 1964 | 2:26 |
3. | «Go Tell It on the Mountain» | Trad. arr av Paul Simon | 31. mars 1964 | 2:06 |
4. | «The Sun Is Burning» | Ian Campbell | 17. mars 1964 | 2:49 |
5. | «The Times They Are a-Changin'» | Bob Dylan | 10. mars 1964 | 2:52 |
6. | «Wednesday Morning, 3 A.M.» | Paul Simon | 17. mars 1964 | 2:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
13. | «Bleecker Street» (demo) | Paul Simon | 10. mars 1964 | 2:46 |
14. | «He Was My Brother» (alt. opptak 1, ikkje gjeven ut før) | Paul Kane | 17. mars 1964 | 2:52 |
15. | «The Sun Is Burning» (alt. opptak 12, ikkje gjeven ut før) | Ian Campbell | 17. mars 1964 | 2:47 |
* Paul Kane er eit av psevdonyma til Paul Simon.
Medverkande
endre- Paul Simon – akustisk gitar, banjo på «Last Night I Had the Strangest Dream», vokal
- Art Garfunkel – vokal
- Barry Kornfeld – akustisk gitar
- Bill Lee – bass
Salslister
endreListe (1964 and 1966) | Plassering |
---|---|
UK Albums Chart | 24 |
US Top LPs (Billboard) | 30 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wednesday Morning, 3 A.M.» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Willis, Ellen (2011). Out of the Vinyl Deeps: Ellen Willis on Rock Music. University of Minnesota Press. s. 103. ISBN 978-0816672837.
- ↑ DeBolt, Abbe Allen (2011). Encyclopedia of the Sixties: A Decade of Culture and Counterculture. Greenwood Publishing Group. s. 604. ISBN 978-0313329449.
- ↑ Simons, David (2004). Studio Stories - How the Great New York Records Were Made. San Francisco: Backbeat Books. Cf. s.94-97.