Opna hovudmenyen
Sounds of Silence
Studioalbum av Simon & Garfunkel
Utgjeve 17. januar 1966
Innspelt Mars 1964 og april, juni og desember 1965
Sjanger Folkrock[1]
Lengd 29:09
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston, Tom Wilson
Simon & Garfunkel-kronologi
Wednesday Morning, 3 A.M.
(1964)
Sounds of Silence Parsley, Sage, Rosemary and Thyme
(1966)


Singlar frå Sounds of Silence
  1. «The Sound of Silence»
    Utgjeve: September 1965
  2. «Homeward Bound»
    Utgjeve: Februar 1966
  3. «I Am a Rock»
    Utgjeve: Mai 1966

Sounds of Silence er det andre studioalbumet til Simon and Garfunkel, gjeve ut 17. januar 1966. Albumtittelen er berre litt annleis enn den første store hitten deira, «The Sounds of Silence».[2] Songen vart gjeven ut i ei akustisk utgåve på det førre albumet deira, Wednesday Morning, 3 A.M., og seinare på filmmusikkalbumet til filmen The Graduate. Utan at Simon og Garfunkel visste om det, la produsenten av den første, akustiske utgåva av songen på elektriske instrument og trommer med studiobandet til Bob Dylan den 15. juni 1965.[3][4] Denne versjonen vart gjeven ut på singel i september same året. Seinare vart denne nye utgåva gjeven ut på dette albumet.

«Homeward Bound» vart gjeven ut på albumet i Storbritannia, men ikkje i USA. Mange av songane på albumet vart skrivne av Paul Simon medan han var i London i 1965. Fleire av desse songane var òg gjevne ut på soloalbumet hans The Paul Simon Songbook, som kom ut i august 1965 i England. Desse songane er «I Am a Rock», «Leaves That Are Green», «April Come She Will», «A Most Peculiar Man» og «Kathy's Song».

«Richard Cory» var basert på eit dikt av Edwin Arlington Robinson, «Somewhere They Can't Find Me» var i røynda ei omskriving av «Wednesday Morning, 3 A.M.» frå det førre albumet, «We've Got a Groovy Thing Goin'» hadde kome ut som B-sida av «The Sound of Silence» eit par månader før og «Anji» var ein coverversjon av ein instrumental av gitaristen Davey Graham som Simon hadde møtt i England. Den einaste heilt nye Paul Simon-songen på albumet var derfor «Blessed».

Heile albumet vart gjeven ut i plateboksane Collected Works og The Columbia Studio Recordings (1964–1970). 22. mars 2013 vart det annonsert at albumet skulle bevarast av Library of Congress i National Recording Registry, som kalla det «kulturelt, historisk eller estetisk viktig».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg link

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Paul Simon, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
1. «The Sound of Silence»   10. mars 1964 (grunnsporet)
15. juni 1965 (ekstra lydspor)
3:08
2. «Leaves That Are Green»   13. desember 1965 2:23
3. «Blessed»   21. desember 1965 3:16
4. «Kathy's Song»   21. desember 1965 3:21
5. «Somewhere They Can't Find Me»   5. april 1965 2:37
6. «Anji»  Davey Graham13. desember 1965 2:17
Side to
# TittelInnspeling Lengd
1. «Richard Cory»  14. desember 1965 2:57
2. «A Most Peculiar Man»  22. desember 1965 2:34
3. «April Come She Will»  21. desember 1965 1:51
4. «We've Got a Groovy Thing Goin'»  5. april 1965 2:00
5. «I Am a Rock»  14. desember 1965 2:50

Produsert av Bob Johnston

Bonusspor på 2001-utgåva
# TittelRecorded Lengd
12. «Blues Run the Game»  21. desember 1965 2:55
13. «Barbriallen» (Ikkje gjeven ut før)8. juli 1970 4:06
14. «Rose of Aberdeen» (Ikkje gjeven ut før)8. juli 1970 2:02
15. «Roving Gambler» (Ikkje gjeven ut før)8. juli 1970 3:03

Spor 12 produsert av Bob Johnston Spor 13–15 produsert av Paul Simon, Art Garfunkel & Roy Halee

Innhald på britisk versjonEndra

Alle songar er skrivne av Paul Simon, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
1. «The Sound of Silence»   10. mars 1964 (grunnspor)
15. juni 1965 (ekstra lydspor)
3:08
2. «Leaves That Are Green»   13. desember 1965 2:23
3. «Blessed»   21. desember 1965 3:16
4. «Kathy's Song»   21. desember 1965 3:21
5. «Somewhere They Can't Find Me»   5. april 1965 2:37
6. «Anji»  Davey Graham13. desember 1965 2:17
Side to
# TittelInnspeling Lengd
1. «Homeward Bound» (berre britisk utgåve)14. desember 1965 2:57
2. «Richard Cory»  14. desember 1965 2:57
3. «A Most Peculiar Man»  22. desember 1965 2:34
4. «April Come She Will»  21. desember 1965 1:51
5. «We've Got a Groovy Thing Goin'»  5. april 1965 2:00
6. «I Am a Rock»  14. desember 1965 2:50

SalslisterEndra

Liste (1966) Plassering
UK Albums Chart 13
US Album Charts 21
Liste (1970) Plassering
Den spanske albumlista[5] 2

MedverkandeEndra

Sounds of Silence vart spelt inn i april, juni og desember 1965 i CBS Studios i New York City og Los Angeles.

«The Sound of Silence» (elektriske instrument)

KjelderEndra

  1. DeBolt, Abbe Allen (2011). Encyclopedia of the Sixties: A Decade of Culture and Counterculture. Greenwood Publishing Group. s. 604. ISBN 978-0313329449. 
  2. Mastropolo, Frank (10. mars 2015). «51 Years Ago: Simon & Garfunkel Record Their First Classic, 'The Sounds of Silence'». Ultimate Classic Rock. 
  3. Simons, David (2004). Studio Stories – How the Great New York Records Were Made. San Francisco: Backbeat Books.  Cf. pp.94–97.
  4. Charlesworth, Chris, The Complete Guide to the Music of Paul Simon and Simon & Garfunkel, Omnibus Press 1996. Cf. especially pp.17–18 on Sound of Silence.
  5. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  6. «Joe Mack – Biography & History – AllMusic».