Weekend in New England

song av Barry Manilow
Weekend in New England
Singel av Barry Manilow
frå albumet This One's for You
B-side

«Say the Words»

Utgjeve 1976
Lengd 3:43
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Randy Edelman
Produsent Barry Manilow, Ron Dante
Barry Manilow-kronologi 
«This One's for You»
(1976)
Weekend in New England «Looks Like We Made It»
(1977)


«Weekend in New England» er ein song skriven av Randy Edelman, og spelt inn av Barry Manilow i 1976 for albumet This One's For You. Songen vart gjeven ut på singel i 1976 og nådde førsteplassen på U.S. Adult Contemporary (Easy Listening)-lista og tiandeplassen på Billboard Hot 100.[1] Han er eit klassisk døme på dei storslåtte balladane som Manilow gjorde kjend, med eit romantisk tema, svulstig orkester og ein dramatisk finale. Den einaste referansen til tittelen finn ein i linja «Time in New England took me away...», og ordet «weekend» er aldri nemnd. Singelen vart følgd opp av «Looks Like We Made It».

Songen vart spelt inn av John Barrowman i 2007 for albumet Another Side, medan ein kan høyre versjonen til Manilowi komedien Paul Blart: Mall Cop frå 2009.

Kjelder endre

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 155. 

Bakgrunnsstoff endre