Weil am Rhein
Weil am Rhein er ein by og ein kommune lengst sørvest i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland. Kommunen omfattar 19,5 km² og har eit folketal på vel 30 000. Byen ligg på austbreidda av Rhinen.
Weil am Rhein | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Areal | 19,46 km² | ||
Folketal | 31 065 (31. desember 2023) | ||
Weil am Rhein 47°35′41″N 7°36′39″E / 47.594722222222°N 7.6108333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Weil am Rhein |
Sørvest i kommunen møtest trelandsgrensa mellom statane Tyskland, Frankrike og Sveits. Sjølve grensepunktet er ute i Rhinen. Kommunen grensar såleis mot Frankrike i vest og Sveits i sør.
Weil er i mange måtar ein forstad til den sveitsiske storbyen Basel.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Weil am Rhein» frå Wikipedia på tysk, den 18. juli 2023.