Weiler i Austerrike
Weiler er ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 3,08 km² med om lag 2 100 ibuarar i 2016. Weiler ligg på austsida av Rhindalen, heilt inn mot eit bakkete landskap under foten av fjellet Freschenstock. Busetnaden i Weiler ligg på eit sletteland 486 meter over havet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Weiler» frå Wikipedia på tysk, den 9. mai 2016.