Weinan
Weinan (kinesisk: 渭南; pinyin: Wèinán) er eit byprefektur i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina, litt aust for metropolen Xi'an. Prefekturet dekker eit areal på 13 134 km² og har om lag 5,29 millionar ibuarar.
Byprefekturet Weinan omfattar eitt bydistrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn). Byen Weinan ligg i Wei He-dalen på Guanzhongsletta, ved jarnbanelinja mellom Xi'an og Zhengzhou, hovudstaden i naboprovinsen Henan.
Søraust i byprefekturet reiser fjellmassivet Hua Shan seg, eit av Kinas fem mektige fjell.
Historikaren Sima Qian var fødd i Weinan.
Næring
endreJordbruksproduksjonen i området er mellom anna basert på egg-produksjon, kveite og bomull. Også kiwifrukt, såkalla kinesiske stikkelsbær, vert dyrka.
Samferdsle
endreLonghaibana, Kinas viktigaste jarnbanelinje i aust-vest-retning, som strekker seg frå Lianyungang til Lanzhou, stoppar i Weinan.
Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sørover til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.
Historie
endreArkeologiske utgravingar vitnar om at Weinan var eit kulturområde allereie under det vestlege Zhou-dynastiet.
I 1556 var fylket Hua i Weinan episenter i det mest daudbringande av alle historiske jordskjelv.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Weinan» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2012.