Kunming er eit kinesisk byprefektur og provinshovudstad i Yunnan heilt sør i Kina. Han ligg 55 mil nordvest for Hanoi i Vietnam, og har jernbanesamband dit. Byen er eit viktig handels-, industri- og kultursenter i regionen.

昆明市
Horisonten til Kunming
Horisonten til Kunming
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Yunnan
Geografi
Flatevidd 21 013 km²
Innbyggjarar
 - By (2020)

8 460 000[1]
Koordinatar 25°04′0″N 102°41′0″EKoordinatar: 25°04′0″N 102°41′0″E
Høgd over havet 1892 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Heimeside: https://www.km.gov.cn/

Kunming ligg 1900 moh. i eit fruktbart elvebasseng rett nord for innsjøen Dian. I 2002 hadde byen 1 549 600 innbyggjarar.

Historikk endre

 
Torghandel i Kunming under andre verdskrigen.

Kunming voks kraftig etter bygginga av jernbanen til Hanoi (og hamnebyen Hai Phong) 1906–10. Dette opna byen for utanlandsk handel. Under andre verdskrigen var Kunming endepunkt for den såkalla Burmavegen, og fleire fabrikkar og utdanningsinstitusjonar blei flytta dit frå dei japansk-okkuperte delane av Kina.

På 1990-åra gjekk byen gjennom ei større fornying der store område med eldre trehus blei erstatta av moderne bygg i stål.

Økonomi og utdanning endre

Kunming er ein av de viktigaste industribyan i Sørvest-Kina, med koparsmelteverk og annan metallurgisk industri, samt mekanisk, kjemisk og tekstilindustri. Det blir brote kopar, kol og jernmalm i omlandet.

Universitetet i byen blei grunnlagd i 1923. Kunming har også vitskapelege institusjonar, høgskular og ulike høgteknologiske industriverksemder, dei siste grunnlagde sidan 1992 mellom anna med utanlandsk kapital.

Kommunikasjon endre

 
Jernbanestasjonen i Kunming.

Kunming er endepunktet for jernbanen til Hanoi i Vietnam, og er knyttet til det kinesiske jernbanenettet over Giuyang og Chengdu.

«Steinskogen» (kin. Shi Lin), eit særmerkt karstlandskap, ligg rundt 10 mil søraust for byen.

Kjelder endre

«Kunming» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kunming
  Denne geografiartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. 1,0 1,1 http://www.yn.gov.cn/ynxwfbt/html/2021/zuixinfabu_0514/3834.html.