Wenche Sørum Lønnquist (fødd 10. juli 1951 er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Ho vart tildelt kongepokalen under noregsmeisterskapen både i 1970 og 1972. Sørum, som var medlem i Høybråten og Stovner, vart norsk meister på 1500 meter i 1969, 1970, 1972 og på 800 meter i 1970 og 1972.

Aktiv endre

Sørum kom på andreplass på 800 meter under NM 1968 og 1969, begge åra bakom Britt Ramstad. Frå 1969 kom også 1500 meter med i tevlingsprogrammet og Sørum sette den fyrste offisielle noregsrekorden på Bislett stadion i Oslo den 30. mai. Rekordtida 4.36,2 forbetra ho til 4.29,1 og deretter 4.28,0 seinare i 1969-sesongen. Under noregsmeisterskapen sprang ho einsleg inn til gullmedalje.

I juni 1970 flytta Sørum noregsrekorden vidare til 4.27,4 og i landskampen mot Sverige til 4.24,0. 2. august 1970 i Aust-Berlin vart ho nummer 4 på rekordtida 4,18,7 i semifinalen i Europacupen for landslag. To veker seinare vart ho dobbelmeister då NM i friidrett 1970 vart avvikla i Kristiansand. På 800 meter fekk ho same tid som sølvvinnar Grete Andersen, medan ho på 1500 m sprang i mål til suveren siger på 4.24,6, ein prestasjon som sikra henne kongepokalen.

Ein leggskade gjorde at Sørum mista det meste av 1971-sesongen. Unge Grete Andersen nytta då høvet til å ta over som rekordhaldar med 4.17,0. OL-sesongen 1972 tok Sørum tilbake noregsrekorden på 1500 m ved Bislett-leikane 3. august, der ho fekk sluttida 4.14,7. I noregsmeisterskapen 1972 sigra ho på 800 m og 1500 m med god margin til Grete Andersen, for 1500-meterløpet vart Sørum tildelt kongepokal nummer 2. Under Sommar-OL 1972 i München i september forbetra Sørum i forsøket noregsrekorden til 4.14,1 og tok seg til semifinale. Der senka ho rekorden til 4.09,7, men vart slått ut med 14. beste tid.

I 1973 var Sørum atter plaga med skade. Ho kom tilbake på bana i 1974 og sette norsk rekord på 3 000 meter med 9.25,4, ein distanse som kom på NM-programmet. Under noregsmeisterskapen deltok Sørum på 1500 m, og vart fråsprunge av framstormande Grete Andersen. Sørum la opp ved sesongslutt.

Kjelder endre

  • Sportsboken 1970. Norsk kunstforlag. Oslo 1970.
  • Sportsboken 72. Dreyer Stavanger. 1972
  • friidrett.no