Werra
Werra er ei elv sentralt i Tyskland og ei av sideelvane til Weser frå høgre med ei lengd på 293 km. Ho har sitt utspring nær Eisfeld sør i Thüringen, og renn i saman med Fulda i Hann. Münden, der dei dannar elva Weser.
Werra | |||
elv | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 496 km² | ||
Lengd | 292 km | ||
Kjelde | Nær Eisfeld | ||
• høgd | ±800 moh. | ||
Munning | Weser | ||
Werra 50°29′59″N 10°57′53″E / 50.4997°N 10.96478°E | |||
Wikimedia Commons: Werra |
Werradalen (Werratal) dannar den naturlege grensa mellom Rhön og Thüringer Wald. Her finn ein mellom anna Eiben Wald nær Dermbach, sandsteinsgrotta i Walldorf, den djupaste innsjøen i Tyskland som er danna av subsidens, som ligg nær Bernshausen, og Krayenburg, ruinane av eit slott frå 786.
Av byar og tettstader langs Werra finn ein: Hildburghausen, Meiningen, Bad Salzungen, Tiefenort, Philippsthal, Gerstungen, Eschwege, Witzenhausen og Hannoversch Münden.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Werra» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2014.