Rhön
Rhön er ei gruppe låge fjell sentralt i Tyskland i delstatane Hessen, Bayern og Thüringen. Dei har vulkansk opphav og er skild frå nabofjellkjeda Vogelsberg av elva Fulda og dalen ho renn gjennom. Fjellkjeda er ein del av Mittelgebirge.

Wasserkuppe, det høgaste punktet i Rhön og Hessen

Enger med mengder av stor kubjølle (Pulsatilla vulgaris)
Desse fjella er ein populær turistdestinasjon. Turgåarar har nesten 6 000 km med turstiar i det naturskjønne området, og seglflypilotar har kome her sidan byrjinga av 1900-talet.
Sidan 1991 har UNESCO erklært Rhön for eit biosfærereservat på grunn av det unike økosystemet.
FjelltopparEndra
Av fjelltoppar i Rhön finn ein mellom anna
- Wasserkuppe 950 m (Hessen)
- Kreuzberg (mountain) 928 m (Bayern)
- Schwabenhimmel 926 m (Bayern)
- Heidelstein 913 m (Bayern)
- Milseburg 835 m (Hessen)
- Feuerberg 832 m (Bayern)
- Ellenbogen 814 m (Thüringen)
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Röhn Mountains frå Engelsk Wikipedia .