Weschnitz er ei elv i Baden-Württemberg og Hessen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 60 km. Ho har sitt utspring i Odenwald i kommunen Grasellenbach. Elva renn først nordover eit lite stykke før ho snur sørvestover og gjennom Fürth, Rimbach, Mörlenbach, Birkenau og Weinheim, der ho snur nordvestover og delar seg i to greiner. Ved Lorsch renn dei to greinene saman igjen. Nordvest for atomkraftverket Kernkraftwerk Biblis munnar Weschnitz ut i Rhinen.

Weschnitz
elv
Weschnitz i Einhausen
Land  Tyskland
Lengd 60 km
Kjelde Odenwald
Munning Rhinen
Kart
Weschnitz
49°38′23″N 8°49′43″E / 49.6396°N 8.8286°E / 49.6396; 8.8286
Wikimedia Commons: Weschnitz

Kjelde

endre