Wessels plass i Oslo

Koordinatar: 59°54′44.4″N 10°44′24.0″E

Wessels plass i Oslo er ein plass som ligg framfor sørfasaden av Stortingsbygningen i Oslo sentrum, avgrensa av gatene Akersgata, Nedre Vollgate, Prinsens gate og eine enden av Stortingsgata. Plassen heit opphavleg Stortingspladsen, men fekk seinare namn etter diktaren Johan Herman Wessel (1742–1785). På 100-årsdagen etter Wessels død vart det avduka ein bronsebyste av ham på plassen, laga av Carl Ludvig Jacobsen og gjeve som gåve frå Norske Selskab.

Wessels plass framfor sørsida av Stortingsbygningen. Akergata passerer Stortingsbygningen til høgre.

Under plassen går det gangar frå Stortingsbygningen over til dei bygningane på aust-og sørsida av plassen som Stortinget har fleire kontor i. I 2014 vart plassen avsperra for ålmenta i samband med at det vert bygd eit underjordisk post- og varemottak for Stortinget under plassen.