Akersgata
59°54′51.440″N 10°44′34.562″E / 59.91428889°N 10.74293389°E
Akersgata | |||
veg | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kommune | Oslo | ||
Stad | Sentrum, Kvadraturen, Hammersborg | ||
![]() Akersgata 59°54′57″N 10°44′43″E / 59.91588889°N 10.74513889°E | |||
Wikimedia Commons: Akersgata |
Akersgata er ei gate i Oslo som går frå Akershus festning til Hammersborg, der ho deler seg og går over i Akersveien og Ullevålsveien. Akersgata er om lag 900 meter lang og følgjer Akerryggen, høgdedraget som byrjar på Akersneset og går vidare nordover langs Hammersborg og til Gamle Aker kyrkje.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fa/Akersgata_from_Y-block_Regjeringskvartalet_18jun2005.jpg/220px-Akersgata_from_Y-block_Regjeringskvartalet_18jun2005.jpg)
Stortingsbygningen ligg med baksida mot Akergata, med eit nytt tilbygg frå 1950-talet langs gata. I 2013 vart Akersgata stengd med bommar på strekninga forbi Stortingsbygningen. I Akersgata ligg òg mykje av Regjeringskvartalet, mellom anna Finansdepartementets bygg i nr 40.
Fleire bygg langs Akersgata vart skada ved bombeåtaket på regjeringskvartalet 22. juli 2011.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/02/Trefoldighetskirken_Oslo.jpg/220px-Trefoldighetskirken_Oslo.jpg)
Akersgata var tidlegare avisgata i Oslo og dei fleste store avisene helt til der. Etter at Aftenposten i 2003 flytta til Posthuset rett ved Oslo Sentralstasjon og Dagbladet i 2008 flytta til Hamnelageret, vart berre Verdens Gang att i Akersgata. Men i 2014 flytta Aftenposten attende til gata, men inn hjå Verdens Gang, ikkje inn i sitt gamle hus.
Andre viktige bygg langs Akersgata:
Bakgrunnsstoff
endre- Knut Are Tvedt, red. (2010). «Akersgata». Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 41–42. ISBN 978-82-573-1760-7.