Opna hovudmenyen

Westlife er ei populær gutegruppe frå Irland, originalt sett saman av Shane Filan, Nicky Byrne, Bryan McFadden, Mark Feehily og Kian Egan. Bryan McFadden har i seinare tid gått ut or bandet. Dei har gjeve ut albuma Westlife U.S., Westlife U.K., «Coast To Coast», «World of Our Own», «Unbreakable: TheGreatest Hits, Vol 1», «Turnaround», «Allow Us To Be Frank», «Face To Face», «The Love Album» og fleire singlar.

Gruppa blei grunnlagd i juli 1998 i Sligo i Irland og laga songen «Together Girl Forever». Produsenten Louis Walsh fekk augene opp for gruppa, og gjekk saman med Boyzone-songaren Ronan Keating om å leia henne. Gruppa var først kalla Westside, men då det allereie var ei anna gruppe som heitte dette, blei namnet endra til Westlife. Den første singelen dei slapp, «Swear It Again» i april 1999, gjekk rett til topps på listene i Irland og Storbritannia.