Denne artikkelen handlar om øya Irland. For den sjølvstendige delen av øya Irland, sjå Republikken Irland.

Irland er den vestlegaste øya i øygruppa Dei britiske øyane.

Satellittbilde av Irland (Kjelde: NASA)

Historie endre

Hovudartikkel: Irsk historie

Befolkninga har i hovudsak keltisk opphav, og keltarane har budd i Irland så lenge ein veit. I vikingtida var norske vikingar mykje i Irland, og etter perioden med ran og vald busette truleg ein god del norske seg der og blanda seg med keltarane. Det var norske vikingar som grunnla byen Dublin, som er hovudstaden i Republikken Irland, eller Eire, som den sjølvstendige delen av Irland også heiter.

Seinare kom Irland under engelsk styre, og fekk mykje innvandring av engelskmenn og skottar. Engelsk språk tok etter kvart nesten over frå irsk, men irane heldt elles på mykje av den eldre kulturen sin, og den katolske religionen sin.

Frå 1800-talet tok irane til å gjera krav på sjølvstende, men først i 1921 vart Den irske fristaten, seinare Republikken Irland, grunnlagd etter fleire blodige opprør og vanskelege forhandlingar. Dei seks nordlege fylka, Ulster eller Nord-Irland, heldt fram med å høyra til Storbritannia.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.