Weta (maori wētā)[1] er eit samlenamn for rundt 70 insektartar i dei biologiske familiane Anostostomatidae og Rhaphidophoridae som er endemiskeNew Zealand.[2] Dei liknar store grashopper, og nokre av artane høyrer til dei tyngste insekta i verda. Wetaer er vanlegvis nattaktive. Dei fleste mindre artane er kjøt- og åtseletarar, medan dei store er planteetarar.[3] Wetaer blir ofte etne av innførte artar på New Zealand, og nokre av artane er sterkt truga.

Hann av arten Hemiandrus pallitarsis
Ho av arten Hemideina thoracica på ein trebregne.
Cook Strait giant wētā (Deinacrida rugosa)

Kjempeweta (wētā punga på maori)[1] kan ha ei kroppslengd på opptil 100 mm, der ein ser bort frå dei lange føtene og antennene deira, og vega rundt 20–30 g. Ein kjempeweta i fangenskap av arten Deinacrida heteracantha, som var full av egg, blei det tyngste dokumenterte insektet i verda med ei vekt på 70 g.[4] Den største arten av kjempeweta er Deinacrida heteracantha (engelsk Little Barrier Island wētā).

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Wētā». Te Aka Māori Dictionary. Henta 10. februar 2020. 
  2. Phoenix Group Evolutionary Ecology and Genetics (31. januar 2020). «WētāGeta». Massey University. Henta 10. februar 2020. 
  3. Trewick, Steve; Morgan-Richards, Mary (2014). NZ wild life : introducing the weird and wonderful character of natural New Zealand. Auckland, New Zealand: Penguin. ISBN 9780143568896. OCLC 881301862. 
  4. «Book of Insect Records». Arkivert frå originalen 3 July 2006. Henta 20. mai 2006. 

Bakgrunnsstoff

endre
Litteratur
  • Wallis, G. P.; Morgan-Richards, M.; Trewick, S.A. (2000). «Phylogeographical pattern correlates with Pliocene mountain building in the alpine scree weta (Orthoptera, Anostostomatidae)». Molecular Ecology 9 (6): 657–666. PMID 10849282. doi:10.1046/j.1365-294x.2000.00905.x. 
  • Sherley, Greg H (1998). «Threatened Weta Recovery Plan» (PDF). Department of Conservation. Henta 7. november 2007. 
  • Bleakley, Craig; Stringer, Ian; Robertson, Alastair; Hedderley, Duncan (2006). Design and use of artificial refuges for monitoring adult tree weta, Hemideina crassidens and H. thoracica. Wellington, N.Z.: Science & Technical Pub., Dept. of Conservation. ISBN 9780478140620. 
  • Salmon, John T. (1956). «A Key to the Tree and Ground Wetas of New Zealand». Tuatara 6 (1): 19–23. 
  • Ramløv, H. (2000) Aspects of cold tolerance in ectothermic animals. Journal of Human Reproduction. 15 (Suppl. 5): 26–46.