Weyerhaeuser

(Omdirigert frå Weyerhaeuser Comp.)

Weyerhaeuser Company er eit skogindustrikonsern frå Tacoma i Washington i USA, som vart grunnlagd i 1900 av tømmermagnaten Frederick Weyerhaeuser og partnarane hans. Weyerhaeuser er eit av dei største konserna i verda innan skogbruk og treforedling (cellulose, papir, emballasje m.m.) og eig og forvaltar store skogområde (ca. 140 mill. daa) i fleire delar av USA og Canada, samt i Australia, New Zealand og Uruguay. Dei driv òg utstrekt nyplantingsverksemd. Selskapet har eit eige fraktreiarskap over Stillehavet kalla Westwood Shipping Lines. Selskapet har ei omsetning på over 20 milliaradar amerikanske dollar med kring 50 000 tilsette i 18 land (2005).

Weyerhaeusers hovudkvarter

Kjelder endre

«Weyerhaeuser» i Store norske leksikon, snl.no.