Cellulose
Cellulose (C6H10O5)n er eit polysakkarid. Menneske kan ikkje melte cellulose, men det er ein viktig del av avføringa. Ei rekke dyr kan likevel utnytte cellulose. Desse blir kalla planteetarar.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/07/Cellulose_Sessel.svg/250px-Cellulose_Sessel.svg.png)
Både plantestenglar og belgfruktar (ertar, bønner m.m.) inneheld mykje cellulose.
Av cellulose blir det framstilt tekstilar i kunstfiber / viskosesilke. Andre namn er cellull, kunstsilke, rayon.
Det blir også framstilt celluloselakk, ein lakktype som på første halvdel av 1900-talet var nærast einerådande. Framleis blir han nytta til særskilde føremål som restaurering, musikkinstrument osb.