What Are You Doing the Rest of Your Life?
«What Are You Doing the Rest of Your Life?» er ein song med tekst skriven av Alan Bergman og Marilyn Bergman og musikk skriven av Michel Legrand for filmen The Happy Ending frå 1969, der Michael Dees syng songen. Songen vart nominert til Oscarprisen for beste originale song.
Legrand vann i 1973 Grammyprisen for beste instrumentale arrangement med vokalist for ein versjon framført av Sarah Vaughan. Meir enn 30 år seinare vann Billy Childs, Gil Goldstein, og Heitor Pereira i 2006 ein Grammypris i same kategori for ein versjon framført av Chris Botti og Sting.
Songen er òg spelt inn av mange andre artistar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «What Are You Doing the Rest of Your Life?» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- "Alan and Marilyn Bergman Keep the Music Playing", intervju (10:12) med Bergman om songen på NPR, 21. august 2007
- Michael Legrand sings "What Are You Doing the Rest of Your Life?" på YouTube, frå Playboy After Dark, 5. mai 1970