Wheelers Bay
Wheelers Bay er ei lita bukt på søraustkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg aust for Ventnor. Bukta vender søraustover mot Den engelske kanalen og har ei 200 meter lang kystlinje.
På 1800-talet var strendene i Wheelers Bay og Horseshoe Bay nytta for å lesse av forsyningar, særleg kol. Båtar gjekk opp på stranda ved flo sjø, og lasta lessa over på hestevogner når det var fjøre.
I dag er kystlinja eit betongdike, bygd tidleg i 1990-åra for £1,6 million for å verne klippa mot erosjon.
Bakgrunnsstoff
endre- Kystvern Arkivert 2021-10-09 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wheelers Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2010.