White-mutasjonen

White gene eller w var den første observasjonen av kjønnsbestemd mutasjon i bananfluga Drosophila melanogaster. Thomas Hunt Morgan og Lilian Vaughan Morgan samla ein kvitauga mutant frå ein populasjon av bananfluger som vanlegvis har mørkraude auge. Dei kryssa hannfluga med villtype-hofluga, og merka at avkommet ikkje forma seg etter forventingane til Mendels arvelovar.[1] Den første generasjonen (F1) produserte 1237 raudauga og tre kvitauga hannfluger. Den andre generasjonen (F2) produserte 2459 raudauga hofluger, samt 1011 raudauga og 782 kvitauga hannfluger. Vidare eksperimentering førte til konklusjonen om at mutasjonen hadde ei fysisk tilknyting til ein «faktor» som bestemde kjønn hos Drosophila. Morgan kalla dette trekket for white gene, ofte forkorta til w.[2] Fluger med den kvite allelen (eller det kvite genet) vert ofte nytta for å gje elevar ei innføring i genetikk. Proteinet som er koda for av white virkar som ein ATP-bindande kassett-transportør. Den fraktar forløparane til dei raude og brune augepigmenta, nemleg guanin og tryptofan, inn i utviklande auger under forpupping.[3] Menneskeversjonen av white er ABCG1, som er involvert i fraktinga av lipidar og kolesterol inn i celler.

Ei kvitauga bananfluge (Drosophila melanogaster)

KjelderEndra

  1. Morgan, TH: (1910) "Sex Limited Inheritance in Drosophila." Science, 32(812):120-122
  2. Ettersom genetikken utvikla seg vart namna på gen italisert, og for Drosophila vart villtypeallelen gjeven modifikatoren +, nok som t.d. gav w+. Namna på vanlege mutasjonar vart korta ned, og sidan white var ein av dei første namngjevne mutasjonane, vart den korta ned til éin bokstav.
  3. Mackenzie, S. M.; Brooker, M. R.; Gill, T. R.; Cox, G. B.; Howells, A. J.; Ewart, G. D. (1999) Mutations in the white gene of Drosophila melanogaster affecting ABC transporters that determine eye colouration. Biochimica et Biophysica Acta (BBA) - Biomembranes 1419: 173-185.