Widerøe C. 5 Polar, òg kjent som Hønningstad C. 5 Polar, var eit ein-motors høgvinga fly for fem passasjerar.[1]

Widerøe C. 5 Polar

Widerøe Flyveselskap vedtok seint på 1940-talet å byggja eit fly for sit eige bruk og satsa på eit flerbruksfly som kunne utstyrast med flottørar, ski eller hjulunderstell. Flyet vart teikna og konstruert av Birger Hønningstad og bygga ved verkstaden til Widerøe på Fornebu.

Det hadde innelukka kabin med plass til pilot og fem passasjerar og kunne endrast til ambulanse- eller fraktfly. Flyet er i dag ved Norsk Luftfartsmuseum.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Hønningstad C5 Polar», Norsk Luftfartsmuseum (på norsk), henta 5. desember 2023