Wienerbekkenet
(Omdirigert frå Wienbekkenet)
Wienerbekkenet (tysk Wiener Becken, tsjekkisk og slovakisk Vídenská kotlina) er eit sedimentasjonsbasseng mellom Alpane og Karpatane. Meir enn halvparten av Wienerbekkenet ligg i Niederösterreich, medan resten er delt mellom Tsjekkia og Slovakia.
Det forholdsvis flate området er nokså langstrakt, og er 50 km breitt og 200 km langt.
Bekkenet er vidare delt inn i:
- Området innanfor Tsjekkia er kalla Dolnomoravský úval ('Den lågare moraviadalen'), medan området innanfor Slovakia er kalla Borská nížina ('låglandet Bor')
- Marchfeld i Austerrike
- Leitha-fjella (Leitha-Gebirge) i Austerrike
- Chvojnice-åsane (Chvojnická pahorkatina) i Slovakia
Låglandet Bor og Chvojnice-åsane vert i lag kalla Záhorská nížina (låglandet Záhorie).
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Viennese Basin» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2007.