Tsjekkisk
Tsjekkisk er eit av dei vestslaviske språka, saman med slovakisk, polsk, pommersk, og sorbisk. Det vert tala av dei fleste i Tsjekkia og av tsjekkarar over heile verda (totalt har om lag tolv millionar tsjekkisk som morsmål). Tsjekkisk ligg veldig nær slovakisk og polsk, og tsjekkarar og slovakarar skjønar vanlegvis einannan godt.
Tsjekkisk čeština | ||
Klassifisering | indoeuropeisk slavisk vestleg tsjekkisk-slovakisk tsjekkisk | |
Talarar | tsjekkarar | |
Bruk | ||
Tala i | Tsjekkia | |
Område | Sentral-Europa | |
Tsjekkisktalande i alt | 12 millionar | |
Rangering | 73 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Tsjekkia | |
Normert av | Det tsjekkiske språkinstituttet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | cs | |
ISO 639-2 | cze ces | |
ISO 639-3 | cze | |
Wikipedia på tsjekkisk |
Tsjekkisk blir gjerne delt inn i fire hovuddialektar: Bøhmisk, sentral-moravisk, aust-moravisk (eller moravisk slovakisk) og silesisk. Aust-moravisk er ei overgangsform mellom tsjekkisk og slovakisk, medan silesiske dialektar går inn i eit dialektkontinuum med polsk. Det tsjekkiske skriftspråket byggjer på Praha-dialekten, som er bøhmisk. Eit standardtalemål som byggjer på litterært tsjekkisk påverkar og trenger ut mykje lokal variasjon.
Kjelder
endre- Czech Arkivert 2011-05-06 ved Wayback Machine., UCLA Language Materials Project
Bakgrunnsstoff
endre- Ethnologue report for Czech (på engelsk)