Wikipedia-diskusjon:Bydelar i Oslo

Etter bydelsreforma i Oslo fikk me ei administrativ eining kalla bydel. Bydel hadde òg tydinga geografisk avgrensa del av by før bydelsreformen, sjølv om ein nok ofte har diskutert kor grensene eigentleg går/gjekk. Slik har ein den tradisjonelle bydelen Grünerløkka som er eit mykje mindre område enn Bydel Grünerløkka som administrativ eining. Tilsvarande har me ein haug med park rundt, kalla St. Hanshaugen (og eit bustadsområde rundt, nærast ein tradisjonell bydel) og Bydel St. Hanshaugen. Har folk motførestillingar mot å dele strøk/bydel og administrativ eining slik eg har gjort her? --Ekko 20:57, 16 januar 2007 (CET)

Eg synes det er fornuftig. Bydelane er så innarbeida at kategorien kan kallast Bydelar i Oslo, "administrativ" trengst ikkje. På Oslomål (i både aust og vest) heiter den mindre eininga som er grodd fram historisk 'strøk', og eg synes kategorien skal heite Strøk i Oslo. Etterkvart som talet på artiklar som stadfesta fenomen knytt til ein bydel stig kan det lagast kategori for bydelen. Strøk vil sjeldan ha så mange artiklar knytt til seg at det er naudsynt med kategori, trur eg. Fyste jobb kan vere å lage alle artiklane "Bydel x" og klippe kart inn frå eksisterande "x", eller der dei ikkje finst frå bokmål. Så langt eg kan sjå finst sju artiklar om strøk. Helge Høifødt 21:37, 16 januar 2007 (CET)
Det var ikkje nett det eg meinte. Eg vil helst at det opphavelege Grünerløkka blir kalla bydelen Grünerløkka, mens den administrative eininga blir kalla Bydel Grünerløkka. Ellers så har byrådet i Oslo fjerna den opphaveleg meininga av bydel frå det norske språket. --Ekko 20:36, 17 januar 2007 (CET)
Det hadde vel vore greiast å nytte same prinsippet når det gjeld bydelar som når det gjeld kommunar. Også her kan den administrative eininga med eitt kommunenamn omfatte eit anna område enn det namnet tradisjonelt har dekt. Rana var namnet på ein fjord, ei elv og landområdet rundt fjorden og elva, og dekte område i delar av noverande Rana, Hemnes og Vefsn kommunar. Tilsvarande for Vefsn, og slik er det sikkart mange andre stader. Difor burde vi ha skrive Rana kommune når vi meiner kommunens areal. Men når vi har valt ei anna løysing for kommuner (og fylke), er det kanskje best å vurdere dette prinsippet for bydelane òg?Knut 07:24, 23 januar 2007 (CET)
Eg duppa visst av den timen der. Kva for prinsipp nyttar me når det gjeld kommunar? At me gjer det mest mogeleg likt er eg (truleg) for. --Ekko 08:43, 23 januar 2007 (CET)
Me har eit godt og enkelt prinsipp om å gjera namn enklast mogleg, slik at me til dømes har éin artikkel om Oslo (under det namnet) og ikkje tre om Oslo fylke, Oslo kommune og Oslo fylkeskommune. Det vil seia at visst eit gammalt omgrep og eit nytt administrativt omgrep omfatter omlag same område bør det bli éin artikkel av det, og den bør ha det enklaste namnet mogleg. --Ranveig 23:01, 12 mars 2008 (CET)

I høve kategorien «Strøk i Oslo» som er oppretta vil eg gjerne at me tar denne drøftinga opp at. --Ekko 22:41, 12 mars 2008 (CET)

Det viktigaste spørsmålet er vel korleis me skal kategorisera Strøket i Oslo. --Ranveig 23:01, 12 mars 2008 (CET)
Nei, no har eg visst formulert spørsmålet feil. Strøket i Oslo er ein liten passasje mellom Storgata og Torggata, med butikkar i, og skal vel ikkje ha eigen artikkel. Diskusjonen gjeld om det skal opprettast ein kategori «Strok i Oslo», som skal femne alt frå tradisjonelle bydelar som Majorstua, Sagene og Vålerenga, over nye som Tveita og Romsås, til gatekryss som Galgeberg. Eg er i mot, då eg meiner me skal halde på den gamle nemninga bydel om delar av byen som er klårt avgrensa, som Vålerenga og Majorstua. Tveita bør kallast ein drabantby, og Galgeberg kan vel få den ulne nemninga strok. --Ekko 23:09, 12 mars 2008 (CET)
Eg må berre få føye til at Helge Høifødt gjer ein god jobb med Osloartiklar, dette gjeld berre kva for namn me skal ha på kategoriane dei skal liggje i. --Ekko 23:11, 12 mars 2008 (CET)
Eg registrerer ei intens og dundrande interesseløyse for dette spørsmålet. Ettersom Helge har gjort, og truleg kommer til å gjere meir med dette enn eg, er det vel rimeleg at hans løysing rår. Bydel for administrativ eining i Oslo, strøk for alt mogeleg anna. --Ekko 16:06, 4 april 2008 (CEST)
Tilbake til prosjektsiden «Bydelar i Oslo».