Wikipedia-diskusjon:Kypros og Armenia
Kypros og Armenia
endreDei siste dagane har den anonyme brukaren 83.108.45.186 redigert artiklane om Kypros og Armenia, og den raude tråden er at han/ho gjer anti-tyrkiske synspunkt nøytrale og/eller nøytrale synspunkt pro-tyrkiske. Det same har skjedd også på bokmåls- og engelskwikipediaene. Det er fleire ting å seie om dette. Ein ting er at det er anonymt, kontroversielle synspunkt frå anonyme brukarar har eg liten sans for, dei, om nokon, burde stå fram. Det viktigaste er likevel innhaldet. I mange tilfelle er rettingane som 83.108.45.186 og meiningsfellane hans/hennar gjer gode, i andre tilfelle høyrer dei med, ikkje som einaste versjon, men som den viktige opplysninga dei inneheld om kva som faktisk er den tyrkiske versjonen av kva som har skjedd. Alle tre aspekt, faktiske hendingar, og begge partane sine synspunkt på desse hendingane, bør vere med.
Diskusjonen om detaljane høyrer heime på dei respektive sidene, men det er opplagte fellestrekk i dei to tilfella, derfor tar eg dei fram her, og eg oppfordrar folk til å følgje med på kva som skjer, og bidra til å få gode artiklar om både Armenia, Kypros og andre kontroversielle emne. Kortversjonen min er at det er store skilnader mellom dei to. I tilfelle Armenia gjeld det bortforklaringa av eit folkemord og allmenne formuleringar om armensk-aziriske konfliktar. Artikkelen bør her halde fast på fakta, men gjerne få fram i kor stor grad, og korfor, det tyrkiske synet er annleis (kanskje i ein separat artikkel). Når det gjeld Kypros, vil eg kanskje gå lenger i "pro-tyrkisk retning" enn det dagens artiklar gjer: Eg ser for meg ein artikkel om øya Kypros, som tar for seg alt anna enn den politiske utviklinga etter delinga (dvs. natur, geografi og historie fram til 1974, og to separate artiklar, med kvar sin formelle stats-boks (flagg, areal, nasjonaldag og all staffasjen), og sjølvsagt informasjon om anerkjenning, EU-røystingar og diplomatisk spel hit og dit.
Poenget med dette innhaldet er altså dels å ønskje 83.108.45.186 velkomen, gjerne ikkje-anonym, men eg meiner at vi treng bidraga hans/hennar også om dei kjem anonyme. Dels treng desse artiklane merksemd, for å gjennomføre den konseptuelle tredelinga som eg skisserte ovafor. Som de ser har denne saka også ei allmenn side. Trondtr 1. jan. 2006 kl. 12:44 (UTC).