Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 13, 2015

Riksetrast, ein merkeleg fugl.

Riksetrast (Eupetes macrocerus) er ein merkeleg, riksefuglliknande sporvefugl som er brun med svarte og kvite striper på hovudet, og har habitat på skogbotnen i urskogMalayahalvøya og Sumatra, og dessutan på Borneo. Arten kan vere fjernt i slekt med dei afrikanske kråkeliknande fuglane klippehopparar. Populasjonen er sterkt redusert fordi mykje av låglandsurskogen er tapt, og sekundære skogar har vanlegvis for tett botnvegetasjon eller ikkje tilbyr nok skugge til å vere gunstig for arten. Han er likevel framleis lokalt vanleg i område med nedhogd skog eller i skogen i bakkeskråningar, og er ikkje rekna som direkte truga av utrydding. Arten er dårleg kjent og sjeldan sett, mest grunna den skjerre åtferda si. Les meir …

Start ein diskusjon om Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 13, 2015

Start ein diskusjon
Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 13, 2015».