Sumatra
Sumatra er den største øya i Indonesia. Ho har ei flatevidd på 473 481 km2, og er den sjette største øya i verda. Største byen på øya er Medan, med rundt 1,7 millionar ibuarar (2,5 mill. med forstader).
Sumatra | |||
øy | |||
Land | Indonesia | ||
---|---|---|---|
Del av | De store Sundaøyer | ||
Areal | 473 481 km² | ||
Folketal | 60 000 000 (2021)[1] | ||
Sumatra 0°00′00″N 101°59′49″E / 0°N 101.997°E | |||
Topografisk kart over Sumatra, med Malayhalvøya øvst på kartet.
| |||
Wikimedia Commons: Sumatra |
Geografi
endreSumatra ligg sør for Malayahalvøya, med Malakkasundet imellom, nordvest for Java, der Sundasundet skil, og vest for Borneo, med Karimatasundet som grense. Vidare vest for øya ligg Indiahavet.
Ekvator går gjennom Sumatra om lag på midten, og øya har derfor eit tropisk klima. I vest på øya ligg dei vulkanske Barisanfjella, rike på kol og gull og med vakre utsyn. Austdelen er prega av elvar og sumplandskap der ein hentar ut olje, både frå palmetre og frå bakken.
Administrasjon
endreFylka (eller provinsane) på Sumatra og småøyane rundt er