Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 13, 2006
Forslag 1 Noregs Mållag
endreDugnad må til! Hogne 11. februar 2006 kl. 23:36 (UTC)
- Artikkelen er no ganske god, men kan bli betre. Han har dessuten ingen illustrasjonar. Derfor legg eg inn eit nytt forslag:
Forslag 2: Republikken Komi
endreDette er ein tidlegare dugnadsartikkel som mange har jobba godt med. Han har få raude lenkjer (i det minste i byrjinga) og handlar om eit emne som er ukjend for mange. -- Ranveig 26. mars 2006 kl. 22:27 (UTC)
- Eg er samd med Ranveig. NM-artikkelen er rett og slett for kort: For lite om etterkrigshistoria, for lite om vurderinga av rolla NM har spelt og speler for norsk språkutvikling, ingenting om samanlikning med andre medlemsorganisasjonar i Noreg, med andre språkorganisasjonar i andre land, osb. Listene tar stor plass, dei kan kanskje bli eigne dokument etter kvart som resten av artikkelen veks. Det er trass alt Noregs Mållag som arbeider for språket til denne wikipediaen, så vi bør ha høgare krav. Komi-artikkelen er langt betre (litt mykje raudfarge, men ikkje på viktige ting), og temaet er, som Ranveig seier, ukjend for mange. Viss noko, skulle eg gjerne ha sett meir om språket komi, men det må det jo vere mogleg å få gjort i løpet av veka. Trondtr 27. mars 2006 kl. 07:09 (UTC).