Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 2, 2012

Siste kommentar: for 12 år sidan av 46.212.188.187

Forslag 1:

Andlet som har flatene fordelt etter det gylne snittet vert rekna av det breie publikummet som meir tiltalande.

Det gylne snittet vil seie deling av ei linje eller ei flate i to deler slik at den minste delen forheld seg til den største som denne til heile linja eller flata.

Uttrykt som φ (phi) tilsvarar dette eit irrasjonalt tal med verdi

Ein kan finne det delingsforholdet igjen mange stader i naturen, og spesielt på menneskekroppen. Tilhøvet mellom lengda frå skuldra til fingertuppane og lengda frå olbogen til fingertuppane, knokane på handa og lengda på beina i tilhøve til lengda frå kneet til tærne er nokre døme. Det er òg eit viktig visuelt verkemiddel innan kunsten. Det gylne snittet var kjent blant grekarane. Det vart mykje brukt i renessansen, særleg innan arkitektur. Les meir …


Godt forslag! MBh --M. Haugen 2. januar 2012 kl. 07:35 (CET)Svar

«deler» i fyrste setninga må endrast til «delar» (http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=del&nynorsk=+&ordbok=nynorsk), og «forheld» er ikkje god nynorsk så den delen av setninga bør skrivast om. --46.212.188.187 11. januar 2012 kl. 02:44 (CET)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 2, 2012».