Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 23, 2011

Forslag 1:

David Bowie som Ziggy Stardust

Ziggy Stardust er eit konseptalbum av den britiske musikkartisten David Bowie frå 1972, laust basert på soga om ei rockestjerne kalla Ziggy Stardust, ein marsbuar som kjem til Jorda for å frigjere menneskeheita frå banalitet. Albumet er rekna som eit av dei store i rockehistoria, og musikkmagaisnet Melody Maker har utpeikt albumet som det definitive albumet frå 1970-talet. Albumet klatra til femteplass på den britiske albumlista, og til 75. plass i USA.

I 1997 vart Ziggy Stardust stemd fram til 20. plass over dei største platene gjennom tidene i ein «Music of the Millenium»-avstemming leia av fleire aviser og magasin i Storbritannia. Musikkmagasinet Q plasserte albumet på 24. plass på ei liknande liste, medan fjernsynskanalen VH1 hadde det på 48. plass. Musikkmagasinet Rolling Stone hadde albumet på 35. plass på si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2000 hadde Q albumet på 25. plass på ei liste over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.


Hogne 3. mai 2011 kl. 09:09 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 23, 2011».