Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 32, 2011
Forslag 1: Humler, aktuelt på denne tida og greit å bli minna på kor viktige dei er. Hogne 29. juli 2011 kl. 09:51 (CEST)
Humler er eit insekt, ei gruppe årevengjer. Gruppa tilhøyrer biene, og er plassert i familien Apidae, humler og bier, saman med mellom anna honningbier. Humler har tjukk og brei, vanlegvis tett hårdekt kropp, vengjene verkar små i forhold til kroppen. Berre arbeidarane hjå humler som lever sosialt, i samfunn, har stikkebrodd. Fleire av artene er såkalla «gjøkhumler» og lev som snyltarar i bolet til dei sosiale humlene.
Humler vert rekna som viktige for pollinering av mange planteslag, og i seinare år det vorte vanleg med «ferdiglaga» humlebol i veksthus. Humlebestanden lar seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og andre slike aktivitetar. Humlene si viktigaste næring er nektar og dei samlar pollen som mat til avkommet.
Det er over 250 ulike humler i verda, dei fleste på den nordlege halvkula, men dei er også vanlege på New Zealand og Tasmania. Ein reknar med at det er 34 arter i Norge. Les meir …
- Ja! Fin artikkel. --Ranveig 31. juli 2011 kl. 12:34 (CEST)